Medlemskontingent, treningsavgift og lisens

Når du blir medlem i idrettslaget vårt, kan det vere greit å vite skilnaden mellom medlemskontingent, treningsavgift og lisens. 

Medlemskontingent

Medlemskontingent er ei obligatorisk årleg avgift for alle som er medlem i Hareid IL. Denne må vere betalt for kunne delta i våre tilbud. For å bli medlem må du betale medlemskontingent, og du blir medlem når fyrste kontingent er betalt. 

  • Det er ei årleg avgift som alle som er medlem av idrettslaget må betale.

  • Alle medlemmar betaler kr 400 per år, med ein makspris på kr 800 for familiar (pris per 2026). 

  • Beløpet er likt for alle medlemmane i idrettslaget, uavhengig av alder eller gruppe.

  • Kontingenten går til drifta av laget på eit overordna nivå, som for eksempel: forsikringar, drift. administrasjon, aktivitetstilbod, arrangement og generell utvikling av idrettslaget.

Kvifor er medlemskontingenten viktig?

Medlemskapet i eit idrettslag er knytt til forsikringsordningane gjennom NIF. For at forsikringa skal vere gyldig, må ein vere registrert medlem i eit idrettslag tilknytt NIF, og medlemskontingenten må vere betalt.

Dersom medlemskontingenten ikkje er betalt og ein skade eller ulykke skjer, kan konsekvensane bli alvorlege.

Dette kan skje:

  • Forsikringa kan falle bort
  • Skademelding kan bli avslått
  • Ein må sjølv dekke utgifter til behandling
  • Eventuell erstatning ved varig skade eller invaliditet kan falle bort

Forsikringsavtalane gjennom NIF føreset at medlemskapet er aktivt og registrert.

Barn under 13 år

Barn er forsikra gjennom Gjensidige si barneidrettsforsikring fram til og med den datoen dei fyller 13 år.


Treningsavgift 

  • Treningsavgifta gjeld for den konkrete undergruppa eller idrettsgreina du deltek i.

  • Avgifta dekker kostnader som forsikring, dommarar, seriespel, cupar, kurs og vedlikehald av anlegg. 

  • Prisane varierer frå gruppe til gruppe. Informasjon om eksakt treningsavgift finn du under dei ulike gruppene på nettsida.

Ved å betale begge bidreg du til at idrettslaget kan tilby eit godt aktivitetstilbod til alle medlemmar.


Lisens

  • I enkelte idrettar må det betalast lisens til særforbundet for å kunne delta i konkurransar.

  • Lisensen inneheld ofte forsikring som kjem utøvaren til gode ved eventuelle skadar.